Den som liker å synge, bør gripe sjansen på Hareid. Laurdag den 25. august er det igjen klart for «Open Mic» ved Sans Pub på Hareid. – Det var mykje folk som kom på dette før sommaren, så no ønskjer vi å arrangere «Open Mic» fast ein gong i månaden, seier Jardtrud Hareide som driv Sans Pub saman med mannen Johannes. Etter planen er den siste laurdagen i kvar månad sett av til dette arrangementet. Dersom det vert endringar i planane, vil dette verte annonsert på Facebook-sida til puben.

Lokalt bandDet er sett saman eit band av lokale musikarar som står for musikken. Ole Christian Engkrog frå Bigset speler bass. Luffen Valle syng og speler akkustisk gitar. Jan Håvard Melsæter er dyktig bak trommene.Tommy Røyset er gitarist og er kanskje mest kjend frå bandet Jacked Up. – Eg håper dei som har lyst til å synge, tek kontakt med oss på førehand. Vi kan også gje råd i forhold til kva låtar ein bør velje i forhold til stemma. Det er ekstra kjekt viss  nokon har eigne låtar dei vil framføre, seier Tommy.

Om konseptetHan meiner at det med «Open Mic» vert litt meir struktur og kvalitet enn ved til dømes karaoke som mange kjenner til. – For både den som syng og publikum, er det ei heilt anna oppleving når ein får levande musikk frå scena, seier han som oppmodar songfuglar om å melde seg på. StudioBonusen med å vere med, er at ein eller fleire av deltakarane vil få tilbod om å spele inn ei låt i lydstudio. – Det er kjekt å prøve å få til noko meir innanfor kulturlivet i kommunen, smiler Tommy. Val av kven som får spele inn i studio, vert gjort mot slutten av året.

Kan du tenkje deg å synge her om tre veker?