Rotlaus sprenger alle grenser

Rotlaus: Ørsta-bandet er utseld to gonger til Trebaatfestivalen. No arbeider arrangørane med å få plass til endå fleire publikummarar.   Foto: Trebaatfestivalen

Kultur

Billettane til konserten med Ørsta-bandet Rotlaus under Trebaatfestivalen gjekk unna. Heile tusen billettar gjekk unna på rekordtid. No har arrangørane vald å leggje ut 200 billettar til for sal

- Førehandsalet av billettar er eigentleg utseld to gonger. Me har rigga om like mange gonger for å kunne ta imot dei mange som vil oppleve Rotlaus, Faculty of Funk og Trebaatfestivalen, fortel festivalsjef Line Urke i ei pressemelding.

Sidan etterspørselen er så stor vel dei å leggje ut 200 billettar for sal på tikkio.no I tillegg vil dei ha nokre billettar for sal i døra på konserten laurdag 25. august.

Urke opplyser at dei aldri har vore i nærleiken av å selje så mange billettar på førehand tidlegare.