Først publisert i Fjordingen.no

Det er ingen tvil om at utforkøyringa på Dispen kunne endt betydeleg verre enn han gjorde. Med 55 passasjerar om bord gjekk Møreekspressen på veg mot Ulsteinvik utfor asfaltkanten ca 45 meter før ein stikkveg ved gamle Dispen skule. Hadde utforkøyringa skjedd 100 meter lenger vest, ville bussen gått utfor ein bratt skråning, med stor fare for å velte.

– Bussen trefte skråninga på stikkvegen med stor kraft og gjorde deretter eit hopp over stikkvegen. Jorda som er borte på motsett side av stikkvegen viser merke etter hard landing, konstaterer politibetjent Kurt Hammerø.

138 meter totalt

Han legg til at døra på bussen vart slått av i samanstøyten med stikkvegen. Døra vart funnen i graset rett på nedsida av stikkvegen. I tillegg ligg det glasrestar og andre delar frå bussen over eit større område.

– Graset her kan ikkje slåast med tanke på dyrefôr. Det er farleg på grunn av glasrestane, seier Hammerø.

Politiet har målt opp ei strekning på 138 meter frå staden der bussen gjekk utfor asfaltkanten til der han stoppa ute på jordet. Frå staden bussen gjekk utfor asfaltkanten til han trefte stikkvegen, er det om lag 45 meter. Etter å ha hoppa over stikkvegen og landa på jordet nedanfor, heldt bussen fram om lag 85 meter før han stoppa.

Lokalt politi fekk vite om utforkøyringa gjennom media

Etterforskinga som no pågår, starta strynepolitiet på eige initiativ etter at dei først vart kjende med utforkøyringa gjennom media og politiet sin operasjonslogg. Strynepolitiet vart aldri varsla om utforkøyringa frå operasjonssentralen i Bergen.

– Busspassasjerar har i media og overfor oss stilt spørsmål om kvifor politiet ikkje kom til Dispen då utforkøyringa hadde skjedd. Svaret er at vi ikkje visste om det før vi fekk vite det gjennom media, seier Hammerø.

Etter å ha bede busspassasjerar melde seg, har politiet no fått kontakt med fleire.

– Vi har fått ein del henvendelsar frå passasjerar og tek avhøyr av desse fortløpande. Bussen er på verkstad og politiet følgjer også opp den tekniske sida, seier Hammerø.