Ved demninga på Grimstadvatnet står Ove Midtflø og lokkar på to geiter. I ein dryg månad har Hareid Rotary vore geitebønder langs Hareidselva. Målet har vore at geitene skal halde nede planteveksten og syte for at turgåarane langs Rotarystien kan ferdast gjennom terrenget med utsikt til elva.

Den tette skogveksten har i fleire år gitt medlemmane i Hareid Rotary hovudbry. Mange timars dugnadsarbeid år etter år har ikkje vore nok. Området gror att.

Geiter til havs

Og det er her geitene kom inn i bildet, etter at Ove Midtflø høyrde solskinshistorier frå Nordmøre og Sjøholt, der geiter hadde blitt sett ut for å ete vegetasjon i attgrodde område.

Ein månad etter at dei to geitene vart lånt ut til Hareid av bonden Hogne Homberset frå Hjartåbygda i Volda, har dei rukke å markere seg som sosiale vesen. To gonger har geitene stukke av ned til Hareid sentrum, der Sverre Jarl Ulstein har måtte henta dei i band.

Geitene går rundt med eit GPS-system som heiter Nofence, spesialutvikla for beitande geiter. Trår geitene over den usynlege grensa, får dei støyt. Systemet har likevel hatt sine tekniske innkøyringsproblem; ved eit par høve har det dukka opp meldingar om at geitene er på Melshornet eller langt til havs. Men alt i alt har geitene vore ein suksess, fortel Hareid Rotary.

– Dei har allereie ete opp mykje vegetasjon, det ser vi tydelege prov på. Men vi vil gjerne at dei skal beite meir på stien langs elva, og vere synlege for folk som går tur. Vi vil at geitene også blir ein attraksjon. Men alt dette håper vi å få løyst etter ferien, seier Ove Midtflø.

Innpåslitne dyr

Planen er at geitene skal vere her til ut i september. Til neste år håper Hareid Rotary at geitene kan kome endå tidlegare på året, før veksten verkeleg kjem i gang.

– Geitene tar alt. Det er ikkje berre graset dei et, men dei går også laus på barken på trea, fortel Midtflø.

At Rotary-medlemmane har blitt populære blant geitene er tydeleg. Når vi skal gå frå området, følgjer geitene etter.

– Dei har hoppa opp på bilpanseret mitt, og hadde dei fått lov, hadde dei blitt med meg i senga. Det kan eg love deg, seier Midtflø.

GEITEMØTE: Dei to geitene har markert seg som sosiale vesen, sjølv om dei enn så lenge skyr joggarar og syklistar. Foto: Sondre Åkervik
KOM DÅ: Ove Midtflø lokkar på geita, som etter kvart viser seg. Foto: Sondre Åkervik
GEITEBONDE: Sverre Jarl Ulstein i Hareid Rotary har to gonger henta geitene i Hareid sentrum. Foto: Sondre Åkervik