Handlinga i dramaserien Heimebane på NRK utspinn seg i Ulsteinvik og området rundt, men det er nesten berre utescenene som er spelt inn her. Innandørsscenene er spelt inn i Oslo. Sjølv om me ser Ulsteinvik utfor vindauga i "huset til Helena" og på kontoret til Helena er dette spelt inn i studio i Oslo.

I denne artikkelen på NRK beta forklarer Øyvind Veberg kvifor og korleis dei juksar meir enn du kanskje trur. I kvar episode er det rundt 100 biletklipp som er tillagt visuelle effektar, sjølv om serien kan sjå ganske jordnær ut. Med sine ti episodar i første sesong er Heimebane i norsk samanheng ein av dei produksjonane som i størst grad nyttar visuelle effektar.

For å skape illusjonen av at alt var filma i Ulstein, og ikkje eit studio i Oslo, nytta dei grønveggar utanfor alle vindauga. Så la dei på bakgrunnar frå Sunnmøre etterpå.