Har lese over 400.000 sider

Førstkomande torsdag feirar Hareid Folkebibliotek avslutninga av årets Sommarles-kampanje.

Sommarles-Mari: Mari Moen Holsve har skrive følgjetongen som borna har kunne lese på nettstaden til sommarles. Ho kjem til Hareid under Sommarles-avslutninga no på torsdag. 

Kultur

Folkebiblioteket karakteriserer Sommarles 2018 som eit fantastisk eventyr.

- På landsbasis har over 100 000 born lese over ein million bøker. På Hareid har det vore rekorddeltaking med 278 påmeldte born som har lese tett opp mot 5000 bøker. Elevar og føresette har all grunn til å vere stolte, melder biblioteksjef Anne Vasstrand og fortel at dei vil takke lærarar og administrasjonen i Hareid kommune for det gode fokuset dei har satt på Sommarles.

- På biblioteket har det, gjennom heile sommaren, vore ein fin straum av leseglade born ute etter fleire bøker å lese, fortel Vasstrand.

Festen vert førstkomande torsdag på Hareid folkebibliotek og då vert det besøk av Sommarles-forfattaren Mari Moen Holsve. Ho har skreve framhaldssoga som borna har hatt høve til å lese på Sommarles sin nettstad gjennom sommaren.

- Mari er ein ihuga fantasylesar og gav sjølv ut sin eigen fantasyroman i slutten av tenåra. Vi gler oss veldig til å presentere sjølvaste Sommarles-Mari til borna på festen. Elles på festen vert det, tradisjonen tru, premietrekning, diplomar og noko å bite i, fortel biblioteksjefen.