Skal dele ut 523 230 kroner

Aktivitetshuset Det er pengar frå salet av Aktivitetshuset på Vikholmen som no skal delast ut til lag og organisasjonar som driv kulturarbeid i Ulstein. 

Kultur

Ulstein kommune inviterer no lag og organisasjonar i Ulstein som driv med kulturarbeid om å søkje om å få tildelt midlar. Dette kan vere idrettslag, grendelag og ulike foreiningar og organisasjonar.

Det er levekårsutvalet som skal fordele midlane som kjem frå salet av Aktivitetshuset på Vikholmen, i alt 523 230 kroner.

Fristen for å søke for i år er 15. oktober, men midlane skal fordelast over to år. Det vert difor ei ny fordelingsrunde hausten 2019 også.

"Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar, og kulturarrangement med brei appell. Døme: nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplassar, konsertar, teater, større jubileumsarrangement m.m." skriv kommunen på heimesidene sine.

Her vert det også poengert at prosjekt med brei appell og positiv ringverknad for ei større gruppe skal prioriterast.

Midlane vil ein få tildelt etter at prosjektetet ein har fått innvilga stønad til er gjennomført.

Det er kulturkontoret i Ulstein som skal ha søknaden. Dei innkomne søknadane vil verte handsama i Levekårsutvalet i november i år og november 2019.