Fullstappa folkebibliotek

Sommarles 2018 knuste alle tidlegare leserekordar i Hareid, noko det massive oppmøtet på avslutningsfesten bar bod om.

Fullpakka: Hareid folkebibliotek var stappfullt av leseglade born under Sommarles-festen på torsdag. 

Sommarles-Mari: Mari Moen Holsve har skrive framhaldssoga som årets deltakarar av Sommarles kunne lese som ein del av lesekampanjen. Ho gjekk gjennom forteljinga si på nytt for borna som hadde møtt fram på Hareid folkebibliotek. 

Kultur

Dersom ein la alle sidene som Sommarles-deltakarane i Hareid hadde lese etter kvarandre og kvar side er 25 cm høg, ville dette ha utgjort ein distanse på nesten 104 kilometer, eller frå Hareid til Loen.

Det kravde ein del omorganisering for å få plass til alle borna som dukka opp på avslutningsfesten for Sommarles i Hareid torsdag. Nær 130 born trykte seg saman for å høyre Sommarles-forfattaren Mari Moen Holsve. Kvar veke under heile Sommarles har borna hatt høve til å lese eit nytt kapittel i fantasyforteljinga hennar om Astrid og Asbjørn og reisa deira i tid og rom.

– Vi vart litt overraska over frammøtet, fordi vi visste at mange av dei som har vore med på Sommarles ikkje kunne kome på grunn av trening og andre årsaker, seier biblioteksjef ved Hareid folkebibliotek.

Alle fekk likevel plass til slutt og Mari Moen kunne fortelje om korleis ho vart interessert i bøker.

Deretter gjekk ho raskt gjennom Sommarles-forteljinga, kapittel for kapittel, medan borna både fekk svare på – og stille spørsmål og kome med kommentarar. Dei fekk også kome med forslag til kva neste års Sommarles-forteljing skal handle om og her var det mange gode forslag. Kanskje er det ein idé frå Hareid som dannar grunnlaget for Mari Moen Holsve si forteljing som ho skal skrive for Sommarles 2019.

Etter at forfattaren var ferdig vart det trekt ut premiar mellom deltakarane.

– Vi vil gjerne takke Ulsteinbadet, Sjøborg Kino og Teatret Vårt for flotte premiar. Takk også til Hapark som stilte parkeringsplassen ved Rådhuset til fri disposisjon under arrangementet, seier Vasstrand.

Ho fortel at 278 barn har vore med i Sommarles ved Hareid Folkebibliotek. Borna har lest 415.820 sider fordelt på 4921 bøker.

– Dette er den beste oppslutninga vi har hatt nokon gong, seier Anne Vasstrand som trur at det gode samarbeidet med skulen er ei avgjerande årsak.

– Frå nyttår er biblioteket ein del av sektoren for læring og kultur. Difor har vi fått samarbeidd endå tettare med skulen enn tidlegare. Sommarles tok til 1. juni og dei siste vekene før sommarferien var skulane med på å gi leseaksjonen ei skikkeleg draghjelp, seier Vasstrand.