Mekanikaren Peter får mykje merksemd for videoen der han syng i ein tom bilutsalshall:

- Responsen har vore overveldande

Han har aldri vore spesielt mykje med i musikkmiljøet, og kan ikkje hugse sist han song for nokon - andre enn seg sjølv. Etter å ha lasta opp ein video på Facebook haglar lovorda inn om songstemma til Peter Voldsund. Høyr sjølv i videoen over.
Kultur

Ulsteinvikaren Peter Voldsund jobbar til dagleg som mekanikar i familieverksemda Motorhuset i Saunesmarka. Men no kan det vere han byter ut skiftenøkkel med mikrofon, i alle fall dersom han får spørsmål om å synge for nokon.

- Eg sang jo litt i i barndommen, men eg var ikkje så aktiv innanfor musikken. Eg er veldig glad i å synge, og har gjort det mest for meg sjølv heilt til no i vaksen alder, seier Peter.