[ mat ]

Karamell-og pistasjbollekake

Sprø utvendig og saftig inni

KLISSETE: gjærbakst med klissete karamell og pistasjnøtter er den perfekte kosen til kjølige og regntunge haustdagar. 

Kultur

Mjuk og luftig bolledeig med klissete salt karamell og pistasjnøtter. Kan det bli betre? Denne bollekaka får ein fin og karamellisert botn med masse hakka nøtter og ei herleg sprø overflate med saftig innside.

Gjærbakst kan varierast i det uendelege og fyllast med det ein likar aller best. Noko av det eg er mest glad i er karamell og nøtter, og då er det klart det måtte bli ein kombinasjon med nettopp desse smakane.