Slepper nostalgibombe over Ulsteinvik

Boka «Takk for dansen!» tek oss med på ei nostalgisk reise tilbake til ei tid då dans på klassefestar var fy-fy og ungane framleis leika indianar.

På to hjul: Medforfattar til boka, Guttorm «Gutte» Osnes var mellom dei heldige som hadde ein Tomahawk gutesykkel. Veslesystera Linn fekk plass på framskjermen.  Foto: Privat

Kultur

I alt har Jan Magne Ulstein og medforfattar Guttorm Osnes fått med 222 historier i boka.

Mange av historiene gir små glimt frå kvardagen på 60-, 70-, og 80-talet. Andre fortel om spillopper og fantepretter med livet til låns. At oppveksten på denne tida var prega av eit fritt liv med lita innblanding frå vaksne er det mange døme på i boka.