Hareidsstemna er igang

Kultur

Hareidsstemna starta tradisjonen tru ved bysta av Johan H. Grimstad. Der song Hareid Blandakor tre songar og det vart lagt ned blomar på bysta.

Deretter gjekk turen vidare til lokala til Hareid kunstlag, der det var opning av utstillinga til stemnekunstnar Rudolf Overå. Ei gruppa frå Hjørungavåg Brass stod for musikken, Annika Brandal stod for den offisielle opninga av Hareidsstemna og Inga Ishild Hareide introduserte stemnekunstnaren. Det møtte opp godt med folk på kunstopninga, mange ville få med seg dette.