Gleda ved ein skitur

- Det å flyte gjennom landskapet er ei eineståande oppleving, seier forfattar Kari J. Spjeldnæs om det å gå på ski. Ho tek mellom anna opp tema som skientusiasme og skifeminisme i den nye boka si «På ski fordi».

Skitur – Det å flyte gjennom landskapet er ei eineståande oppleving, seier forfattaren av boka «På ski fordi».   Foto: Inger Robøle Kristiansen/NPK.

Kultur

(NPK): For Kari J. Spjeldnæs har det å ta på seg skia og ta fatt på skiløyper landet rundt vore ein stor del av livet sidan ho var ung. No prøver ho å skildre skigleda si mellom to permar.