Go With the Flø

Utviklar kunstivalen vidare

Neste år har Go With the Flø tiårsjubileum. Hugo Opdal er omstillingsdyktig og tenkjer nytt.

Gallerist Hugo Opdal vil flytte kjøkkenbenken ned og lage til kafé i førsteetasjen. Her vil han selje kaffi, brus, is og vaflar eller brownies. Så kan kafégjestane gjerne ta turen opp i galleriet etterpå, om dei det vil. Men får han kan byggje om lokala må bygda få ta over skulebygget formelt frå kommunen. Det er framleis ikkje på plass. Det håper han kjem på plass fortast råd, så han får tatt ombygginga før nyopninga i mai neste år.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Kultur

Go With the Flø er ti år neste år. No vil Hugo Opdal utvide kunstivalen frå å vare ein dag til å strekke seg over fleire månader. Han har ikkje landa heilt på når Go With the Flø skal starte og slutte, men han tenkjer tidsrommet mai-august.

Når kunstivalen varer over ein lenger periode er det fleire som kan få han med seg enn om det berre er ein dag. han ser for seg ei opningshelg i samarbeid med bygdelaget, der det skjer ein del. Etter det får utstillinga hengje til over sommaren. Det kan også bli aktuelt med fleire arrangement utover sommaren når det då framleis er Go With the Flø.

– Det er fint å markere tiårsjubileet med å utvikle kunstivalen, som jo har fått seg eit godt namn, også i utlandet, kommenterer Opdal.

Han er i dialog med internasjonale kunstnarar og musikarar om dette, men det er for tidleg å røpe namn. Opdal er også i ein prosess med Kulturrådet og fylket for å få støtte til prosjektet. Kulturrådet har lagt merke til det vesle galleriet på Flø, som trekkjer til seg dei største kunstnarane. – Eg er ein liten aktør som speler i eliteserien, seier Opdal sjølv. Han har lidenskap for kunst og er glad for at han får drive med den han elskar. Men han treng også inntekter.

– Hovudsesongen for Flø er nok sommarstid, oppsummerer galleristen og legg opp drifta si deretter.

Kafé i førsteetasjen

Mange museum har gjerne ein kafé i ein krok, det vil også Opdal ha. No håper han at den offisielle overtakinga av skulebygget mellom kommunen og grenda snart kjem på plass, så han kan starte den planlagde ombygginga.

Han vil flytte kjøkkenbenken ned til førsteetasjen, der det er butikk. Så kan han servere kaffi, brus og noko å bite i.

Innovasjon Norge satsar stadig meir på kulturelle næringar. Dei vil leggje til rette for turisme, og kulturelle opplevingar passar godt i lag med fjordar og fjell.

Galleriet vil også få ein nettbutikk. Og han håper å få støtte til å ta imot fleire kunstnarar som får arbeide på Flø.

Sundagsope fram til jul

Fram til jul vil galleriet ha sundagsope. Opdal har inne 60 bilete som er til sals. Han har også fleire andre artiklar inne.

Etter jul håper han å kome i gang med ombygging, så han er klar til å opne igjen i mai.