Plateslepp med ZigZag-Zvor: «Den Fremmede I Oss Alle»

Fredag 30. november kjem ZigZag-Zvor (Roy-André Øvrelid) si plate, «Den Fremmede I Oss Alle».  Foto: Fredrik Lübbe

Kultur

Etter å ha laga musikk med hiphop-kollektivet Kontrollert Kaos i ei årrekke, er ZigZag-Zvor (Roy-André Øvrelid) no endeleg klar med si eiga etterlengta soloutgjeving.

Singelen “Ingenting Vare Evig” frå plata vert spelt på radio, først og fremst på P1 NRK Møre og Romsdal. Albumet har også blitt supplert med tre videoar, produsert av videoregissøren Oliver Whitehouse frå Bristol, England.

Du kan også lytte til "Ingenting Vare Evig" på Spotify

- I motsetning til mykje av materialet frå Kontrollert Kaos er dette ei veldig personlig plate, på hardt og mjukt, godt og vondt, heiter det i ei pressemelding frå ZigZag-Zvor


 

Roy-André utdjupar:

– Plata er ei emosjonell berg-og-dal-bane, litt alt på ein gong. Den er prega av både rasjonell sjølvransaking og takksemd, men uttrykker også rake motsetningar. Ta f. eks sjølvforakt og generelt destruktive handlingar. Er ein slem mot seg sjølv, så går det også ut over andre. Gjerne dei som er glad i deg. Det er ikkje egoistisk å ta vare på seg sjølv. Tvert i mot. I så fall er det sunn egoisme. Det er der ein må begynne. Med seg sjølv...

Musikalsk sett flørtar albumet med forskjellige sjangrar, frå blant anna klassisk 90-talls boom-bap hiphop, til progressiv rock. Det er etterprodusert i Duper Studio i Bergen ved produsent Martin Smoge.

Dei forskjellige spora er laga av ulike produsentar, deriblant Øvrelid sjølv, Martin Smoge, Robin Sandvik, Bjørn-Tore Øvrelid, Elias Johan Liavaag og Øystein Rise. Artistane Birdie Pirat (Kontrollert Kaos), Malene Markussen og Tanaia bidrar også på vokal.

Plata kjem først og fremst på det digitale markedet som til dømes Spotify og Tidal