Tende julegrana ved rådhuset

Kultur

Mange trassa det småsure vêret for å skape førjulsvarme under julegrantenninga ved rådhuset i Ulstein søndag.

Flott song frå Jakoba Solvang og elevar frå kulturskulen i Ulstein skapte ei fin ramme om stunda før julegrantenninga, før kyrkjeverje Christfried Kaul stod for kveldens appell, der han tok føre seg englar.

- Det er ikkje rart vi har mykje englar rundt oss i juletida. Her har eg ein liten engel som eg skal henge på juletreet heime. Den er laga i Bangladesh og den har floge hit. Den tok rett nok fly, men den har floge hit. I Bangladesh er det mange barn og vaksne som er fattige. I KFUK i Bangladesh lagar dei desse englane for å gjere det mogleg å la barn få gå på skule. For meg er denne Bangla-engelen både flott pynt, men også ei påmining om det er verda i dag som treng eit lys. Vi er ikkje nokon englar sjølve, men eg tenkjer at vi kan lære av englane og vere eit lys i denne verda. For det er slik at englar synest best i mørket. Difor skal eg ta denne engelen i lomma no i adventstida, så kan eg ta den fram frå tid til anna og tenkje på korleis eg kan spreie litt lys og litt glede i dag. Gje eit smil, eit godt ord eller ei bittelita hemmelegheit til nokon rundt meg.

Kaul fortalde også at alle som møtte fram under julegrantenninga i Ulsteinvik kunne få sin eigen Bangla-engel.

Som tradisjonen har vore dei seinaste åra vart også julestjerna på Osberget tent samstundes som julegrana. Når lyset var kome på og lyste opp plassen framom rådhuset i den mørke desemberkvelden, spelte Musikklaget Ulf opp til gang rundt treet.


Har du bilete frå julegrantenningar rundt om i Ulstein og Hareid? Send gjerne inn dine bilete til redaksjon@vikebladet.no