Søndag kan Tonje Frøystad Garvik vinne «Farmen»:

- Det har vore ei stor oppleving

Tonje Frøystad Garvik fortel at «Farmen»-opplevinga har vore utruleg spanande, og at ho har lært mykje både om seg sjølv og andre – og ikkje minst korleis det er å leve under press.

Tonje Frøystad Garvik, her med sambuaren Lene Sleperud på ryggen, er klar for semifinalen i årets utgåve av TV2-programmet «Farmen». Lene gjekk ut i forsøket på å kapre ein semifinaleplass. Også finalen går av stabelen søndag, og Tonje burde ha gode sjansar til å kome dit.  Foto: Alex Iversen.

Kultur

29-åringen frå Ulsteinvik har denne hausten vore blant deltakarane i TV2-sende «Farmen», og etter onsdagens sending står ho no att som ein av semifinalistane. Sambuaren Lene Sleperud gjekk diverre ut i forsøket på å nå semifinalen, og Tonje skal no kjempe mot Karianne Amundsen (28) og Kjetil Nørstebø (28) om ein finaleplass. Finalen skal også avgjerast søndag. Akkurat finalen har det den siste veka blitt skrive mykje om i riksmedia.