Familiedag med juleverkstad

Kultur

Ta med store og små på førjulskos og aktivitetar i Ivar Aasen-tunet søndag 9. desember. På familiedagen får du høyre boka Jakob og Neikob og Alle Andre, du får sjå den kreative barnekunstutstillinga der boka er tema, og du kan lage din eigen kunst til å henge på Jakob og Neikob-veggen.

– På familiedagen skal vi ha det kjekt med aktivitetar som både let oss utforske temaet i boka og som gir julestemning, seier formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg i Aasen-tunet.

Kari Stai er tilbake med ei forrykande femte bok om duoen Jakob og Neikob. I denne boka møter vi også Masekob: Kvifor kan ikkje Neikob vere som alle andre? masar Masekob. Men kven er denne Alle Andre som Neikob absolutt må likne på? I Jakob og Neikob og Alle Andre tematiserer Stai det vi alle kan kjenne på stundom – nemleg eit ønske om å vere noko anna enn den vi er.

– Vi ventar mykje besøk, og set difor opp to lesestunder i salen, seier Kornberg. Ho oppmodar familiane om å tinge billettar på førehand, så dei unngår ekstra venting. Aktivitetsverkstadene høver for barn frå tre år og oppover og er spreidde rundt om i tunet, så det vil vere plass til mange. På hemsen til Lurivar spelar vi julesongar frå tunkatten si songbok.

I kaféen kan ein kjøpe graut, bakst og kakao og det er juletilbod i butikken. Familiedagen høver for alle frå 0 til 100 år.

Den årlege julehefteutstillinga i museet er inkludert i billetten.