Appetittvekkar om Svalbard

Den som ikkje får lyst til å ta seg ein tur rundt Svalbard etter å ha lese Johannes Bjarne Alme sin ferske roman «Eventyret – Med «Fangstmann» til Svalbard», må vere laga av stein.

Johannes Alme si bok "Eventyret, gir lesaren lyst til å dra til Svalbard  Foto: Anne Gry Eilertsen

Kultur

Forfattaren har utan tvil eit sterkt kjærleiksforhold til Svalbard, og dette kjærleiksforholdet gjer at han har opparbeidd seg stor kunnskap om dette øyriket i nord. I romanen, der handlinga er lagd til slutten av 1990-talet, er det i første rekke matros Johan frå Brandal som formidlar kunnskapen. Den aldrande sjarmøren og gudbenåda historieforteljaren med lang røynsle frå Svalbard, har under tvil sagt ja til å vere mannskap om bord i «Fangstmann».

Skuta er chartra av den unge forretningskvinna Ann-Magritt frå Oslo. Ei sporty og tilsynelatande vellykka kvinne på alle måtar. Far hennar var i sine velmaktsdagar pelsjeger på Nordaust-Grønland, men etter at han døyr oppdagar Ann-Magritt - i ei dagbok han har etterlate seg - at han også overvintra ein sesong på Svalbard.

Blant sakene til faren fann ho også boka «Isbjørnkongen» av Henry Rudi. Den handlar mellom anna om reiar Martin Karlsen, som i 1939 er passasjer om bord i ishavsskuta «Polarbjørn», som skal til Norskøya for å leite etter det dei trur er ein skatt bak ei jarndør, murt inn i fjellet. Men dei finn ingen skatt.

Forfattar Johannes Bjarne Alme tek eit godt litterært grep når han let Ann-Magritt gå på ein mental smell og gjer henne velståande etter at ho har selt firmaet sitt. Tend på Svalbard som ho er blitt, har ho pengar nok til å chartre ei ishavsskute og legge ut på ekspedisjonar rundt øya, blant anna for å leite etter skatten bak jarndøra på Norskøya.

Venninna hennar, legen Lena frå Toten, blir med under sterk tvil, og saman med nokre passasjerar og eit mannskap på sju legg «Fangstmann» ut frå Tromsø. Det blir ein månads seglas rundt Svalbard med mykje spenning. Det oppstår sterke kjensler både mellom den innbarka ungkaren Johan og Ann-Magritt og mellom legen Lena og styrmann Ove. Korleis det går, skal vi ikkje røpe her. Men forfattaren held seg i skinnet, kjærleiken blir aldri patetisk eller klissete.

Spenning blir det også når passasjerane får gå ut på isen - og ein isbjørn kjem jagande etter dei. Også skildringa av eit russisk passasjerskip som går heilt fram under brefronten på Storbreen i Hornsundet byr på dramatikk. Om bord i «Fangstmann» blir dei vitne til at breen kalvar, og at eit digert stykke av isbreen fell ned på dekket til «Kapitan Krylov». Det endar ikkje godt.

Oppdaginga av nedsalta skinn av freda isbjørn, og funn av det som viser seg å vere satellitten «Discoverer II» som styrta i Svalbardregionen 15. april 1959, er med på å halde leselysta oppe. Men i nokre sekvensar kan det bli litt mykje satellittar, overvaking – og mannskap som «kleier seg på nasen og seier …». Og når vi først er inne på språk: skildringa har god flyt, men ein del skrivefeil skjemmer dessverre.

Johannes Bjarne Alme har skapt gode romankarakterar, og aller nærast kjem vi ungkaren Johan frå Brandal. Kanskje er ein innbarka ungkar og ishavsmann lettare å skildre enn vellykka kvinner i 40-åra, busette i Oslo.

Om Johan og Ann-Magritt får kvarandre? Det får den som les boka vite.

Boka er utgitt på eige forlag. Tinde Design & Trykk AS har stått for produksjonen, og Terje Olsen har laga vakre kart og illustrasjonar.

Anne Gry Eilertsen