Lena og Roger på Hareid ynskjer å hjelpe nokon i jula:

Opnar huset julaftan

Har du dårleg råd eller føler på einsemd i jula, så står Lena og Roger med opne armar for å ta imot deg på julaftan. Huset er dekorert for jul, og ribba spanderer dei.

Opnar for framande Lena Kathrin Hansen og Roger Koppen opnar huset for nokon som treng ein familie å feire julaftan saman med. For dei er det viktigaste med julefeiringa å vere saman, slappe av, kose seg og ete god mat. – Vi ser Home Alone og Tre Nøtter til Askepott kvar jul. Elles har ikkje vi nokre særeigne tradisjonar for familien, men vi er opne for å prøve andre tradisjonar, fortel dei.  Foto: Emily Louisa Millan Eide.

Eg håper at vi kan glede nokon med å hjelpe dei

Lena Kathrin Hansen
Kultur

–Det var ein periode Røde Kors hadde ein julesentral der folk kunne invitere, og spørje etter nokon å feire jul saman med. Det var slik vi fekk ideen. Vi har tenkt mykje på det utover hausten, og førre veke bestemte vi oss for å gjere det, fortel Lena Kathrin Hansen.

Facebook post

Sist veke la Lena ut ein post på Facebook, som let slik:

«Vi er ei familie på 3, to vaksne med ei jente på 16 år. Vi ønsker å invitere nokon til å feire jul med oss. Kanskje nokon har dårleg råd, eller føler seg litt einsam i jula? Aller helst ønsker vi å kunne hjelpe ei familie/eineforsørgar med barn/ungdom i hus. Vi stiller sjølvsagt med maten (pinnekjøt/svineribbe/mår med tilbehøyr og riskrem til dessert). Gåver kan vi sikkert også ordne. Vi skal også klare å ordne nokre overnattingsplassar om det skulle trengst. Vi har elles hund, noko som kan vere ei utfordring om ein er allergisk. Vi bor på Hareid. Kjenner du nokon som kunne tenke seg/ha behov for dette, send meg gjerne ei melding.»

Posten har fått mykje merksemd. Den har blitt delt heile 181 gongar.

– Vi hadde nok ikkje trudd at det skulle ta slik av. Håpet er berre at den rette personen skal lese posten, slik at vi kan kome i kontakt med nokon som ynskjer hjelp. Eg synest fokuset vart litt for mykje på oss etter at vi la ut posten på Facebook. Vi har fått kommentarar som: «Å! Så snille de er». «Så kjekke de er som gjer dette».

Vinn, vinn situasjon

Familien på tre har familie i området, men har lyst til å feire jul heime på Hareid. Då er det kjekt å ha fleire rundt bordet, som ein kan dele gleda med.

–Vi er ikkje meir enn tre personar. Dottera vår på seksten synest vel det er litt kjedeleg å feire nyttårsaftan og julaftan i blant. Inst inne synest eg det som er viktigast er at alle skal ha det kjekt, både vi i familien, og dei som kjem for å feire saman med oss. At ein ikkje skal sitte å tenkje på kor kjekt alle andre har det med sine store familiar, fortel Roger Koppen.

– For oss kjennest det som ein naturleg ting å invitere nokon vi ikkje kjenner. Kjent blir vi jo når vi feirar saman. Eg håper at vi kan glede nokon med å hjelpe dei. Det spelar ikkje noko rolle kven det er, men det hadde vore kjekt med ein barnefamilie, eller kanskje ein eineforsørgar med born. Men i meldinga vi har lagt ut på Facebook er vi veldig klare på at dette ikkje er noko must, forklarer Lena

Stiller med skyss og overnatting

Er ein avhengig av ferjetur, eller ein lang køyretur for å kome seg til Hareid, så er ikkje det eit problem.

– Treng dei å bli henta, så ordnar vi det. Treng dei overnattingsplass, så ordnar vi det også, seier Roger.

Sit langt inne å ta kontakt

Førebels er det ingen som har tatt kontakt.

–Eg har fått nokre veneførespurnader, etter at eg la ut posten, men dei har ikkje skrive noko til meg. Tenkjer dei at eg skal skrive til dei og spørje om dei ynskjer å komme? Eg trur at terskelen er høg for å ta kontakt, men eg er heilt sikker på at der er nokon som har lyst til å komme, seier Lena.

– Om vi skal gi ein beskjed til dei som kanskje kan tenke seg å komme, så er det at her er det lav terskel. Vi er enkle å prate med. Berre ta kontakt!