Fjøresteinane song jula inn i Hareid kyrkje:

Dokumentarinnspeling og julesong på latvisk

Det var god stemning då Fjøresteinane hadde julekonsert i Hareid kyrkje onsdag. Med i alle fall tre kamera til stades slo bandet med julesongar av alle slag.
Kultur

Stig Grimstad er den musikalske leiaren for bandet. Han har arbeida med gruppa sidan dei gjekk på vidaregåande. – I dag er bandet eit spleiselag mellom Ulstein og Hareid kommune. Bandet er ein del av vaksenopplæringa, og dei møtest kvar fredag på Kulturskulen på Reiten i Ulsteinvik for å spele saman.