Randulf Rise forlet orgelkrakken med eit smell  i 1945

Kultur

Under ei fredsgudsteneste like etter freden i 1945 var det mykje song både av kyrkjelyden og av fleire kor i Hareidskyrkja.  Når det kom til «Fagert er landet» av Anders Hovden, så ville ikkje Randulf nytte den tyske tonen av Vilpius som var den mest innarbeidde for denne songen. Han spelte opp med den andre tonen som var den norske, av Ludvig M. Lindeman, (Kirken den er et gammelt hus). Hareid kr. mannskor som sat på galleriet ved sida av orgelet, sette i med den tyske tonen, og i 2. verset følgde kyrkjelyden opp og overdøyvde orgelet. Randulf slo att loket på orgelet og drog heim. Sidan spelte han aldri i Hareidskyrkja.

Under ei glimrande dagbokfortelling av Inge Grimstad i Vikebladet 22. desember -18, var det ei undertekst av Leif Arne som blei litt for knapp for meg.

Eg vil gjerne bidra med litt meir opplysning om bakgrunnen for at Randulf forlet orgelkrakken i Hareid kyrkje denne fredsgudstenesta i 1945.  Og det er ikkje først og fremst den vesle underteksta til Leif Arne som gjer at eg kjenner meg forplikta til å ta pennen fatt. Nei det er meir fordi at det i bygda no 73 år etterpå verserer lettvinte og feilaktige historier om  denne Randulf som blir framstilt som ein stirrebukk som hadde funne fram ein ukjend tone på «Fagert er landet», som folket ikkje ville ha.

Vi er så heldige at Terje Aarset har skreve ei framifrå bok som heiter «Den nynorske songskatten» -2009. Dette er ei flott bok som bør finnast i dei fleste heimar. Her finn vi detaljerte opplysningar om dei kjende og kjære nynorske songane og salmane våre, og med bakgrunstoff så detaljrikt og interessant at du ikkje greier å stoppe før du har fått med deg kvar detalj om den einskilde songen som du er ute etter å lære meir om.

I boka si har Aarset teke inn ei balansert og autentisk histore frå Jon Kåre Mork om hendinga i Hareid Kyrkje, og som er i tråd med det som vi som er gamle, fekk høyre frå foreldra våre. Dei som vil ha meiningar om å døme Randulf for handlinga hans i kyrkja denne dagen, bør lese dei 10 sidene der Terje Aarseth skriv om og ikring songen og tonen til »Fagert er landet». På grunn av plassen vil eg ta med litt av dette berre i stikkordform:

• Det var ikkje «Gud signe vårt dyre fedreland» slik det står i avisa, men «Fagert er landet».

• Songen var ein av vår eigen diktarprest, Anders Hovden sine store songtekster.

• Der var to alternative tonar på songen. Det var den tyske Vilpius sin, som blei den rådande tonen, også i dag. Og den norske av Lindeman.

• Ein lang og stygg krig var endeleg over, og det var jubelrus, og folket hata alt som lukta av tysk, og såleis ikkje minst Randulf Rise.

• Randulf var 65 år gamal, songarane i mannskoret som sette mottiltaket igang, var i alderen 20 til 40.

• Randulf hadde følgd med i debatten om dei to tonane i fleire tiår. Så han hadde førehandskunnskap om emnet.  Høyr berre:

• Songen vart skreven i 1907 eller 1908, og knapt nokon norsk diktar var så rikt representert i songbøkenepå 1900-talet som Hovden.

• Dei som hadde greie på dette, sa at Hovden som regel hadde ein tone i hovudet når han skreiv songane.

• I desember 1939 skreiv Hovden sjøl i Sunnmørsposten bl.a. om tone til denne songen. «Norske fedrelandssalmar og-songar bør ha norske tonar.» Og «Eg hev og dikta ein fedrelandssalme……… og til den valde eg den venaste norske tonen eg visste.» Det var tonen til nettopp «Kirken den er et gammelt hus».

• Salmediktaren Grundtvik sa ein gong i 1930 om denne melodien av Lindeman; -«Det er vandelaust å dikta salmar, når ein fær slike melodiar.»

• I 1930, då Hovden heldt olsokforedraget i Nidarosdomen, var han klar på at han ikkje likte den tyske Vilpius sin tone. Dette poengterte han også ein annan gong etter at forsmlinga stemde voldsomt i med «Fagert er landet». Organisten skrytte av allsongen. Hovden var samd, «men eg kjende ikkje att tonen». Då var just den tyske  tonen teken inn i Landstads Reviderte.

• Eg forstår det slik at diktaren ikkje hadde noko makt til å bestemme tonen når verket hans skulle inn i songbøker, salmebøker og koralbøker.

• Anders Hovden døydde i 1943, berre to år før Randulf forlet orgelkrakken.

• Randulf var ein svoren Anders Hovden-tilhengar, og norskdomstilhengar.

Vonar at folk flest med dette kan ha eit litt meir balansert syn på Randulf sin reaksjon då han klappa igjen orgelet og gjekk heim. Kanskje Randulf trudde at folk flest visste like mykje om Anders Hovden si misnøye med den tyske tonen som han sjøl visste. Kanskje tok han som ei sjølfylgje at kyrkjelyden ville applaudere at han kutta ut den tyske tonen denne glade fredsdagen, to år etter tapet av den store diktarpresten vår?  Ikkje veit eg. Men at Randulf Rise vart skuffa, og at han var eit kunstnarsinn, ein handlingens mann, og ein streng ein, det er det vel liten tvil om blant dei som kjende han.


Bigset, 26.12.2018

Johs Klungsøyr