Ein pust i bakken på "kvileheimen"

Pause: Denne gjengen som smiler så vakkert til fotografen er tilsette og sommarvikarar ved Hareid kvileheim, truleg sommaren 1962. I dei tider vart det kalla «kvileheim». Tomta som bygget vart sett opp på, vart skøytt over frå Jenny Teigene til Hareid kommune i 1958, og eit par år seinare flytta pensjonærane inn. Gjengen som vi ser på bildet arbeidde altså i ei nokså spillflunkande ny bygning. Vi har fått låne biletet av Ingunn Giskeødegård Haddal, som dessverre ikkje hugsar kven som tok bildet. Men det må ha vore fint ver den dagen, for kvinnene ser absolutt avslappa ut. Det ser ikkje ut som det verken er nordavind eller ein regneling i vente. Bak frå venstre ser vi Ingunn Giskeødegård, Ingrette Åsland, som i ein del år var gift med Sverre Ekornåsvåg, Karin Snipsøyr som seinare vart gift Dimmen, og Eva Giskeødegård. Framme frå venstre sit Marie Refvik, Anna Røyset og Oddny Brekke. Sistnemnde var nyutdanna sjukepleiar frå Trøndelag, og gjekk under namnet «søster Oddny. Om Anna Røyset blir det fortalt at ho var heimeverande på inste Hareid då ho ein dag fekk telefon med spørsmål om ho kunne kome opp på kvileheimen for å jobbe. Ho sa ja, og vart der i mange år. I fleire av dei som styrar. Søstrene Ingunn og Eva Giskeødegård var sommarvikarar i 1962. Om hausten reiste Eva vidare på skule, men Ingunn heldt fram ved aldersheimen. Mange år seinare vart ho tilsett som aktivitør ved Hareid sjukeheim. Marie Refvik, Karin Snipsøyr Dimmen , Ingrette Åsland og Anna Røyset er ikkje lenger i blant oss. Anne Gry Eilertsen  Foto: Privat

Kultur

Denne gjengen som smiler så vakkert til fotografen er tilsette og sommarvikarar ved Hareid kvileheim, truleg sommaren 1962. I dei tider vart det kalla «kvileheim».