«Red Army Ulsteinvik»

Samlar seg for United

Det skjedde i dei dagar, i byrjinga av desember medan Mourinho framleis var trenar for Manchester United, at Jon Erik Ertesvåg fann ut at han ville starte ein lokal supporterklubb for «The Red Devils».

Spenning: Tottenham hadde ein del gode sjansar då dei møtte Manchester United søndag, noko som gjorde opplevinga ekstra spannande for medlemmene i «Red Army Ulsteinvik» som hadde samla seg på Brygga Sportsbar for å sjå kampen i lag. Det vart likevel Manchester United som vann kampen.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Kultur

Jon Erik Ertesvåg har vore ihuga tilhengar av Manchester United heilt sidan han i barneåra vart innmeldt i supporterklubben av onkel Vinjar Vikanes.