Sjå stor bildeserie frå Sunnmøre Folkehøgskule-musikalen:

Fantastiske Annie

Folkehøgskuleelevane imponerer stort igjen - og serverte denne veka born og unge i Ulstein og Hareid ei heidundrande god musikalframsyning på Sjøborg kulturhus.
Kultur

Sjeldan har underteikna sett ei meir kjenslevekkande framsyning i Ulsteinvik si kulturelle storstove, enn den barnehage- og skuleborn frå Ulstein og Hareid fekk oppleve på Sjøborg kulturhus torsdag. Det som er desidert mest imponerande er den knappe tida elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule har hatt på seg til å ta framsyninga frå manussidene til scena - knappe éi og éi halv veke.