Exposed to Failure tilbake med ny singel:

- Motivasjonen for å lage nye ting er der framleis

Rockebandet sleppte fredag sin første studioinnspelte låt på seks år.

Exposed to failure Dette bildet blei tatt for nokre år tilbake i høve promotering av cupfinalelåta til Hødd. Frå venstre ser ein gitarist og vokalist Jogeir Haanes, vokalist Karl André Gotten Sydhagen, bassgitarist Hans Robert Bondhus, trommeslagar Torleif Pettersen og gitarist Fredrik Ingebrigtsen.  Foto: Arkiv/Pressefoto/Steinkast Film.

Kultur

Vokalist Karl André Gotten Sydhagen, gitarist og vokalist Jogeir Haanes, trommeslagar Torleif Pettersen, gitarist Fredrik Ingebrigtsen og bassgitarist Hans Robert Bondhus utgjer Exposed to Failure. Etter miksing i FrontRow Studio i Ålesund og ferdigstilling ved Svein Erik Åmås og Audiofarm Studios, er bandet ute med ein ny låt, «Only Worthy of You».