– Du har eit kjempetalent

Sofie Gjerde Tonev frå Hareid deltek i ”The Voice – Norges Beste Stemme” og i måndagens program var det hennar tur til å prøve å imponere mentorane.

Sofie Gjerde Tonev tok seg vidare frå første auditionrunde i konkurransen "The Voice - Norges Beste Stemme".   Foto: TV2/Pressefoto.

Kultur

Gjerde Tonev hadde med seg både foreldre, søsken og ei bestemor til studio, som spent måtte vente på å sjå om Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam, Martin Danielle og Morten Harket ville trykke på den raude knappen.

Med songen ”Confetti” imponerte songfuglen frå Hareid mentorane og etter tur snudde både Morten Harket, Wolde-Mariam og Martin Danielle seg for Gjerde Tonev til veldig jubel frå familien bak scenen.

– Sofie, det du gjorde på scenen var veldig nydeleg å høyre på. Eg sat og koste meg gjennom heile framføringa di og det var utruleg fint å høyre deg synge, sa Martin Danielle i si tilbakemelding til 18-åringen.

Også dei andre mentorane var svært positive, samstundes som dei hadde nokre småting dei såg føre seg dei kunne rette litt på med mentorane si hjelp.

– Du har eit kjempetalent og eg vil veldig gjerne jobbe med deg for å utvikle det talentet, slo Danielle fast.

Så var det opp til Gjerde Tonev å finne ut kven ho ønskte å jobbe med. Hareidjenta tenkte seg godt om før ho avslørte at valet fall på Yosef Wolde-Mariam.