Det blir framsyning i Eiksund likevel

Kultur

Det var eigentleg tenkt at det ikkje skulle bli noko framsyninga i morgon ettermiddag, tysdag 22. januar, når bokbåten legg til kai i Eiksund. Men no skriv Bokbåten Epos på Facebook at det likevel blir framsyning i Eiksund.

Bokbåtbesøket i Haddal vart kansellert på grunn av at tidspunktet ikkje passa verken for skulen eller barnehagen. Difor droppar dei det stoppet førstkomande fredag. I Haddal skulle det etter planen vere framsyning, men no blir den framsyninga i Eiksund i staden.

Det er Reidar Kjelsen som står for underhaldninga. Han har illustrert rundt 50 barnebøker og skrive fleire av bøkene sjølv. Kjelsen blir presentert som ein mann utan hemningar, og framsyninga heiter "Gal mann på rett plass".

Alle er velkomen ombord!