Verdsmeisteren tok saksa fatt:

Karsten klipte snora for Ørsta si nye storstove

Litt på overtid klipte Karsten Warholm snora søndag som markerte den offsielle opninga av den nye Ørstahallen.

Karsten Warholm var utan tvil den store stjerna i Ørstahallen søndag.  Foto: Joachim Åsebø.

Kultur

(Møre-Nytt): Det vart folkefest i Ørstahallen søndag då godt over tusen personar tok del i offisielle opninga av Ørsta si nye storstove. Europameister og verdsmeister Karsten Warholm fekk tildelt ein spesiallaga kniv som han kutta snora med.