Innviingsfesten for Trudvang

Inngangsbillett: Kr 1,50 for menn, kr 1 for kvinner

Neste år er det 100 år sidan Trudvang vart innvigd, men huset vart teke i bruk allereie jula 1919.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Kultur

Forsamlingshuset Trudvang har opp gjennom åra hatt ein svært allsidig bruk og var i lang tid Hareid si kulturelle storstove.

Det var Hareid Frilynde Ungdomslag som fekk bygd huset. Ungdomslaget vart skipa i 1909 og hadde i mange år arbeidd med tanken om å få reist eit eige hus. Planen var å setje opp huset nede på Hareid, men valet fall til slutt på ei tre mål stor tomt på Holstad. Dei fekk johan Haddal til å teikne det nye ungdomshuset. Grunnarbeidet starta i april og eigedomen vert tinglyst 23. oktober 1919. Allereie andre juledag samme året vert det skipa til fest på Trudvang med 500 frammøtte. Huset vert innvigd 5. april 1920. Det er andre påskedag. Inngangsbilletten var 1,50 for menn og 1 krone for kvinner.

Teater og skodespel har det vore mykje av på Trudvang. I løpet av dei ti første åra vart det sett opp ikkje mindre enn 29 skodespel. I Hareid Sogelag sitt årsskrift for 2009 er det sett opp ei samla oversikt over alle teaterframsyningane som er sett på Trudvang gjenom tidene, og det er ikkje få. Scenen vart nytta også av tilreisande teatertrupper og Hareid Amatørteater var ivrige brukarar av Trudvang i mange år. Turnlaget nyta også forsamlingshuset mykje.

I 1929 overtok Hareid songarlag ansvaret for Trudvang, eit ansvar dei hadde heilt fram til 1987.

Ettersom det vart arrangert både dans og anna på Trudvang, fekk det etter kvart namnet «Fantehuset» på folkemunne.

Det vart sett opp sporadiske filmframsyningar på Trudvang utover 30-åra, men 1939 vart det fast kino på ungdomshuset. Dei tyske vaktstyrkane som kom til Kvitneset i 1941 nytta seg av kinofasilitetane, og la att ein god del pengar i leige for huset. Kinoen vart nedlagt i 1984.

I 1987 overlet songarlaget huset til kommunen gratis. I 2008 vert det vedteke å overlate huset til private lag eller organisasjonar. Tidleg i 2010 signerte kommunen ein avtale med organisasjonen «Fantehuset» om at dei skulle få overta eigedomen utan vederlag.