Premierefest på Sjøborg - sjå bilde:

Trampeklapp for andre sesong av Heimebane

Ein fullsett sal i Sjøborg kulturhus fekk ei eksklusiv førpremiere på dei to første episodene av Heimebane sesong 2 Etterpå vanka det trampeklapp på skodespelarane som hadde tatt turen til premieren.
Kultur

Kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad, introduserte først dramasjef i NRK, Ivar Køhn, og produsent Yngve Sæther. Etter at dei hadde fortalt litt om sine forventingar til sesongen, og litt kva som venta eit spent publikum, blei skodespelarane som hadde tatt turen til Ulsteinvik henta fram på scena.

Der var Morten Svartveit og Emma Bones på plass - høvesvis dagleg leiar for Varg IL, Espen Eide, og Camilla Mikkelsen, dottera til hovudpersonen i serien, Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp). Det var også fleire meir lokale statistar og skodespelarar på plass, både i salen og framme på scenegolvet. Av dei på scenegolvet var ulsteinvikar Rune Sæter, som speler supportarleiaren Gunnar, Per Jan Vinje, som er materialforvaltar og alt-mogleg-mann Eddie - men også fleire.

Så fekk publikum sjå det dei trass alt hadde møtte fram for å få med seg - dei to første, rykande ferske episodene av Heimebane sesong 2. No er underteikna ingen film- eller TV-seriemeldar - men det var mildt sagt imponerande det dei frammøtte fekk sjå. Utan å røpe noko av handlinga før premieren på NRK, så er det mykje dramatikk, humor og fine historier å få med seg også i denne sesongen!

Skrytte av Ulsteinvik

Etter premieren kom skodespelarane fram på scenegolvet igjen, og blei intervjua éin etter éin av produsent Yngve Sæther. Emma Bones (Camilla Mikkelsen) skrytte uhemma av Ulsteinvik som innspelingsstad, og måtte også innrømme at ho ikkje visste om Ulsteinvik før ho reiste dit første gang for å spele inn Heimebane - til god latter frå salen.

Morten Svartveit fortalde litt om utviklinga av sin karakter Espen Eide gjennom sesong 2, men han passa også på å ikkje røpe spesielt mykje.

Ulsteinvikaren Rune Sæter speler ein til tider ganske så usympatisk supportarleiar i serien, men var ein nok så annan type i verkelegheita.

- Eg er ganske snill til vanleg altså, sa Sætre smilande.

Per Jan Vinje og fotballkeeper Ståle Remøy Pettersen frå Fosnavåg fortalde så om sine ganske så lite sannsynlege første erfaringar med skodespelaryrket.

Verken John Carew eller Ane Dahl Torp, dei store stjernene i TV-serien, hadde høve til å vere til stades i Ulsteinvik på premieren - men sende begge helsingar gjennom produsent Yngve Sæther.