Bokaktuelle Laura Djupvik kjem til Ulsteinvik

Fredag 15. mars kjem forfattar Laura Djuvik til Ulsteinvik med boka "Hjartet er ingen logrande hund"  Foto: Pressefoto

Kultur

Komande fredag, 15. mars, kan du møte bokaktuelle Laura Djupvik på bokhandelen Norli Amfi Ulsteinvik. Her vil ho lese frå den nye boka si "Hjartet er ingen logrande hund".

Bokhandelen har sendt ut ei pressmelding i høve besøket: Laura Djupvik er fødd i 1970 og er oppvaksen på Leikong som den yngste dottera til Haldis og Sigurd Djupvik

I dag er ho busett i Lier med mann og born. Laura  er utdanna cand.mag., har jobba som lærar, i forlag og som journalist. Undervegs har ho markert seg som ein særs habil forfattar, som gjerne går i djupna på dei store spørsmåla i livet.

Det siste halvåret har ho kome ut med to nye bøker. I oktober kom ungdomsromanen «Den andre søstera» som er ein del av «Grøss og gru» bøkene til Det norske Samlaget. I januar kom den sterke romanen «Hjartet er ingen logrande hund».

Laura nyttar eit enkelt, presis og fengande språk. Ho skildrar sterke, kjensleladde scener utan at det blir sentimentalt – persongalleriet står fram som truverdige menneske i sin kvardag.

Ho debuterte i 2004 med romanen Båten er så liten, så fylgde i tur og orden barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin (2007), lettlesboka Den magiske kulen (2009), romanen Kvitt (2013) og barneboka God dag, herr Jul (2014).

I 2008 vart ho tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris for Hundre appelsinar og ein fiolin.