Minnesteinane ved Hareid kyrkje

Kultur

Ved inngangen til Hareid kyrkje står det to minnesteinar. Den eine steinen er reist til minne om hareidsfolk som har kome bort på havet, medan den andre er sett opp for å minnast dei frå Hareid som miste livet under den andre verdskrigen.

Etter å ha samrådd seg med bygartnaren i Ålesund vart arbeidsnemnda for oppsetjinga av minnesteinane einige om at ein burde nytte naturstein Steinane vart henta på Ytre-Fløstranda og Fløstranda, «slipte av naturen si eiga tolmodige hand», som formannen i arbeidsnemnda, Norleif Holstad uttrykte det.

Dei to steinane vart avduka på helgemessesøndag, den 3. november 1946. I Peder Måseide sitt hefte, «Hareid kyrkje igjennom 100 år» som kom ut i 1977, siterer han frå protokollen der avdukingsseremonien vart skildra:

«Alt tidleg tok folk til å strøyma til kyrkja. Vêret var stilt og klårt, men noko kaldt. Kyrkja var vent pynta med flagg, faner og ei mengd ljos».

Då steinane skulle avdukast etter gudstenesta var plassen full av folk, om lag 1500 menneske vert det sagt. Representantar frå losjen, speidarane, idrettslaget, den kristelege ungdomsforeininga og sjømannsforbundet var til stades.

Det var lærar Joakim Peder Måseide som heldt avdukingstalen, ein sterk og gripande tale i følgje protokollen. Hareid kristelege mannskor song ved høgtida.

På den eine steinen står det «Dei kom burt på havet 1850 – 1945». Her namne på omkomne prega inn i koparplater. Det har vore fleire som har mist livet til sjøs etter at desse steinane kom opp. Desse har fått namna sine på nye plater.

«Dei miste livet under storkrigen 1940 – 45» står det på den andre steinen. Også her er namna til dei det gjeld prega inn i koparplater. Ifølgje heftet til Peder Måseide var det ein steinhoggar i Ålesund som hogde ut teksten i steinane. Bokstavane hadde elles ikkje hatt vondt av å verte rita opp att med eit lite strøk måling.

Kvar 17. mai er det speidarane i Hareid som har ansvaret for å legge ned kransar ved dei to minnesteinane.