Stig Ulv med innspelingskonsert i Hareid kyrkje. Sjå bilde:

Håpefullt, bratt og fargerikt

Kultur

(Innsendt - tekst og foto ved Bente Andreassen Pilskog): Stig Ulv heldt konsert i Hareid kyrkje onsdag kveld, som ein del av fasteprogrammet til kyrkja. Han blei introdusert av Synnøve Overå Hide frå gudstenesteutvalet i Hareid sokn. Ho kunne orientere om at Stig Ulv skulle spele inn plate på direkten i kyrkja og at dei 23 betalande gjestane kunne følge nokre få instruksar i høve applaus og ro under framføring av låtane.

Det var ein uformell og stemningsfull tone gjennom heile konserten, og Ulv presenterte låtane før framføring. Han kunne fortelje at han har 20-årsjubileum i å framføre instumentalmusikk på nynorsk, truleg som den einaste i landet. Dette stadfesta han med val av tittel på låtane, som etter kvart er blitt omdøpt frå engelsk til nynorsk. 

10 låtar blei spelt for opptak til den nye plata, som også skal innehalde nokre låtar tatt opp i Parken kulturhus. Men Ulv stadfesta etterpå at truleg 9 av 10 låtar frå Hareid kyrkje vil bli med på plata, og oppfordra publikum til å streame eller kjøpe plata som snart kjem ut.

Konserten gav rom for ettertanke, var følsamt og vakkert framført. Mykje kan minne om kunst i hans framføring og opplevinga blei ikkje dårlegare då Lydkjelleren v/ lydteknikar Sverre Walderhaug bidro til svært god kvalitet på lyden i kyrkja.

Magisk 

Namneval på låtane som "Håp", fordi han bur i Ørsta på ein plass der sola ikkje alltid slepp til. "Fargar" var omdøypt frå "coulors", som handla om det å spele på lag.

"Bratt" blei laga då han satt i Øvre Ljøen og såg rett inn mot Geiranger. "Heimekjær" kom til fordi han ikkje likar å reise vekk, men trivst best heime.

Undervegs gav han uttrykk for at denne kvelden blei kjekk; "mykje betre enn eg hadde trudd, utruleg kjekt" - og skapte dialog med publikum med sin lune framtoning. Neste låta "April" var laga til to av sonane hans, som er fødde på same dato i april og attpåtil hadde same jordmor.

Inspirasjon

Som kjelde til inspirasjon leste Stig Ulv mange intervju med gode gitaristar då han var ung. Ein av dei var Marius Müller. Han sa at når han heldt mange konsertar, måtte han dusje med gummihanskar på nevane. Noko som var testa ut av Stig Ulv i ungdomen, med usikkert resultat - han gjer det ikkje i dag, for å seie det slik.

Låta "Attende" blei til då han ville forklare korleis han lærte å spele gitar.

Etter nokre skifte av gitarar skulle dei to siste innspelingane vere med banjo. Låta "Morgon" blei først spela og etterfulgt av "Sodd" som var ei litt rocka låt. Han likar rock, sjølv om mange av låtane hans er i annan kategori. 

Den første låta "Stryk", var den einaste som han trengte å spele inn på nytt, så difor avslutta han med den låta ein gong til. Og rosa lydteknikaren med at han er dyktig på lyd, at deira vegar blei tilfeldig kryssa og at "det blir meg og han Sverre resten av livet". 

For å gi publikum eit innblikk i låter frå tidlegare plater, avslutta han med "Strengetonar" som han spelte i eit sommarbryllup i Hareid kyrkje i 2018. Brura var til stades under konserten og mimra nok litt tilbake til sommaren 2018. Låta "Alt" var dedikert til kona hans, ho som fekk han til å våge å spele solo. Nest siste låt "Dogg" (ikkje hund på engelsk), før han avslutta med "Grind".

Vi håper og ønskjer at Stig Ulv vil opne si "grind" fleire gongar i Hareid kyrke, der han gav eit uttrykk til kyrkjeromet i heilt eigen stil. Velkomen tilbake!