- Det er umuleg å tenke seg ein betre barndom

Den raude stolen Gunder Runde tok plass i den raude bokbadar-stolen og fortalde om barneåra på Grasøya. 

Kultur

Ikledd ei fiskartrøye frå Romsdalen og godt tilbakelent i ein raud bokbadar-stol foredrog den pensjonerte læraren Gunder Runde tysdag kveld om dei åtte åra som liten gut på Grasøyane fyr i havgapet mellom Flø og Runde.