Programmet er klart:

Forteljingar blir tema på Dei nynorske festspela

Maria Parr kjem til Dei nynorske festspela.   Foto: Arkivfoto/Terje Pedersen/NTB Scanpix/NPK.

Kultur

Forteljingar er grunnsteinen i programmet for Dei nynorske festspela til sommaren.

– Temaet i år er vinkla mot dei mange grunnforteljingane som pregar oss som individ og samfunn, anten det er utforming av historiebøkene, forteljingar om mødrer og fødsel, eller Bibelen, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding.

No er heile programmet for festspela 13.-16. juni klart.

Blant forfattarane som kjem til festivalen i år, er Olaug Nilssen, Maria Parr, Kjartan Fløgstad og festspeldiktar Carl Frode Tiller.

Programmet består av samtalar om språk, litteratur, historie og meir, kjem det fram i pressemeldinga.

Opning i uteamfiet

For å nå ut til endå fleire, har opninga av festivalen fått ein ny vri. I Uteamfiet vil festspeldiktar Carl Frode Tiller setje stemninga saman med gitarist og lydkunstnar Stian Westerhus. Olaug Nilssen står for opningstalen, og til slutt vil Festspela nytte høvet til å vise fram Runar Gudnason sin variant av «Nordmannen».

Til det avsluttande stemnet på søndagen kjem Kjartan Fløgstad saman med musikarane Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorunn Marie Kvernberg for å framføre konserten Sandharpesongar, og årets stemnetale blir ved Maria Parr.

Mari Boine om språk i skulen

I desember vart det kjent at artistane Sigvart Dagsland, Mari Boine og BokkeReidars BluesBand med Side Brok som gjester skal spele på festivalen.

I tillegg til å halde konsert, vil Mari Boine også stille til ein samtale om å vekse opp i den norske skulen som samisk språkbrukar. Der vil ho også møte artisten Ánná Káisá Partapouli, som i fjor vart kåra til Årets unge samiske kunstnar under Riddu Riđđu-festivalen. Partapouli vil også vere oppvarming for Boine same kvelden.

Om Carl Frode Tiller sin forfattarskap

Litteraturen står sentralt under Dei nynorske festspela.

– Vi vil utforske korleis ulike forteljarstemmer formar oss, fortel programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i pressemeldinga.

I år skal forteljerstemma til festspeldiktar Carl Frode Tiller vere i fokus på fleire arrangement.

Forfattarskapen hans vil blant anna bli vist fram gjennom både samtale med Olaug Nilssen, gjennom temautstilling og tekstlesing. Tiller vil også sjølv delta i samtale om ei av forteljarstemmene som har vore viktig for han, nemleg 60-årsjubilanten Jon Fosse.

I 2018 hadde Dei nynorske festspela for første gong eit omfattande program ute i skulane, og det skal dei gjere også i år. Forfattarane Anders Totland, Ruth Lillegraven og Rolf Losnegård skal nå ut til hundrevis av elevar i løpet av festspelveka.

– No gler vi oss stort til å vise fram alt vi har planlagt. Bokåret 2019 blir feira over heile landet, og vi ønskjer å nå breitt ut og skape ei stor feiring i Ørsta og Volda i juni, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i pressemeldinga.