Kreftlegar og sjukepleiarar vart hylla med konsert

Opplev den mektige fellesavslutninga

Siste verset av Finlandia framført som fellesnummer i samband med Svein Eiksund sin takkekonsert i Spjelkavik kyrkje 30. mars 2019.

Takksam Svein Eiksund takka legar og sjukepleiarar ved Kreftavdelinga på Åse med ein eigen konsert i Spjelkavik kyrkje laurdag 30. mars.  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Kultur

I alt seks kor deltok på den storslåtte takkekonserten i Spjelkavik kyrkje 30. mars. Då Svein Eiksund vart angripen av kreft for andre gong, lovte han seg sjølv at han skulle heidre Kreftavdelinga på Åse med ein eigen takkekonsert dersom han fekk bli frisk.


Kreftfri Svein Eiksund nyttar musikken til å syne takksemd

- Sjølv den minste lysstråle har kraft i seg til å splitte mørket

Takksam for å vere kreftfri

(+)

Frisk vart han og konsert vart det. Den mektige Stjernesongen frå Jean Sibelius sitt verk "Finlandia" markerte avslutninga på ei sterk og gripande musikkoppleving. Peter Demirov står bak opptak og redigering av klippet du kan nyte ved å klikke på videoen øvst i denne saka.