Magisk tjuvstart på innsamling til nytt flygel

Etter konserten på Hareid bedehus måndag kveld nytta den unge georgiske pianisten Tatia Chikovani høvet til å tjuvstarte på innsamlingsaksjonen for nytt konsertflygel i Hareid.

Imponerte: Tatia Chikovani hausta veldig applaus for tolkinga si av fire Schubert-»impromptuar». No har ho også tjuvstarta på innsamlingsaksjonen for nytt konsertflygel til Hareid. Foto: Leiv Arne Grimstad. 

Kultur

Ho hadde sett på Facebook at Hareid var ute etter eit nytt konsertflygel. Og no ville ho at inntektene på konserten skulle gå uavkorta til dette.