Cirkus Agora kjem til Ulsteinvik

Erika frå Trondheim er luftas prinsesse.   Foto: Cirkus Agora

Kultur

Bjørka sprett og plakatane som fortel oss at det kjem sirkus til byen har kome opp på lyktestolpane.

Førstkomande laurdag har Cirkus Agora framsyning i Fosnavåg, og sundag i Ulsteinvik.

I år har Cirkus Agora 30-årsjubileum. Det er 30 år sidan dei hadde si første framsyning på Hamar. Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal opplyser at denne feiringa finn stad mot mange odds. Det har vore ein del motbakkar sidan han starta opp.

Sirkus i den vestlege del av verda slit med å få det til å gå rund økonomisk. Fjoråret vart ekstra dårleg på grunn av finveret. Det er vanskeleg å få publikum til å gå på sirkus når sola skin og det er så varmt. Men Cirkus Agora greidde like vel å gå i pluss, både i 2017 og 2018. Dei var lure og la turneen sin til Nord Noreg, der var det ikkje like varmt, og folk tok turen på sirkus, forklarer Smørdal.

Han har også gjort fleire grep for å spare utgifter, som ho bytte ut orkesteret med eit godt musikkanlegg. Mindre sirkustelt og færre tilsette.

– Men det er eitt område der det ikkje blir spara, og det er på det som går føre seg i manesjen, seier sirkusdirektøren.

Han fortel at dei har kvalitet heile vegen, ikkje minst når det gjeld artistar. Han vil spesielt nevne årets debutant: norske Erika Hågensen.

Sirkusutdanninga hennar kjem frå kunstskulen i Trondheim. Ho var i ferd med å starte si yrkeskarriere på IKEA på Leangen, men Smørdal kontakta henne og spurte om ho ikkje ville jobbe på sirkus i staden, og det ville ho. Ho blir omtala som luftas prinsesse og framfører vakker luftakrobatikk. Han er glad for at ho takka ja til å jobbe på sirkuset. Husklovnen Francesco har ein sentral rolle i framsyninga.