Smak av Ulstein 13. - 16. juni:

- Det kjem til å verte eit yrande liv

Årets utgåve av Smak av Ulstein femner også om tre store idrettsarrangement for born og ungdom, og det kjem til å bli eit yrande liv med om lag 1000 tilreisande idrettsungdomar i Ulsteinvik desse dagane.

Gler seg: Framme frå v.: Inger Anne Dimmen ved Ulstein Frivilligsental, kultursjef Leif Ringstad, Annika Brandal (bak frå v.) ved kulturkontoret, prosjektmedarbeidar Vedvana Tetzic ved Ung Arena, Kristine Brungot ved kulturkontoret og ungdomsarbeidar Marie Flatin har alle roller i Smak av Ulstein 2019, og har trua på at det vil bli ein knakandes kjekk kultur- og idrettsfestival.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Kultur

- Vi har i år lagt ekstra vekt på at det skal vere mange aktivitetar under Smak av Ulstein. Målet har vore å skape ein festival med meir liv og røre. Til meir folk vi kan få til Ulsteinvik desse dagane, til betre er det. Vi vil gjerne både få brukt og vist fram dei nye flotte anlegga våre, og det har vi lykkast med, kommenterer kultursjef Leif Ringstad. Saman med Kristine Brungot og Annika Brandal ved kulturkontoret, utgjer dei spydspissen i utforminga av Smak av Ulstein.

Dei reknar med at det laurdag 15. og søndag 16. juni vil vere om lag 1000 tilreisande born, ungdomar og foreldre frå heile fylket som gjester Ulsteinvik.

Handballcup ved Ulstein Arena

Hødd Handball skal arrangere Ulsteincup ved Ulstein Arena laurdag og søndag. Linda Hårberg i Hødd Handball opplyser at dei tek mot påmeldingar frå heile landet, men ho reknar med at tyngda vil kome frå Møre og Romsdal. Påmeldingsfristen er ikkje før 24. mai, så kor mange som kjem, veit ho enno ikkje. Men handballcupen er for både gutar og jenter i aldersgruppa 12-16 år, og ho har god tru på at der vil bli mange deltakarar.

500 turnarar frå heile fylket

Styreleiar Tore Liadal i turngruppa til Hødd reknar med at det vil bli om lag 500 deltakarar under kretsturnstemnet laurdag 15. og søndag 16. juni. Stemnet blir i Ulsteinhallen, men laurdagen skal alle deltakarane gå i parade frå Ulstein ungdomsskule, til Reiten, vidare til Ulstein Arena og rådhuset. Turnstemnet, som får deltakarar frå heile Møre og Romsdal, samlar born og unge i alderen 6-20 år, pluss ein god del foreldre og lagleiarar. Innkvarteringa blir ved Ulstein vidaregåande skule, der det også blir matservering. Nokre av deltakarane skal bu ved Quality Hotel Ulstein.

Symjestemne ved Ulstein Arena

Laurdag 15. juni arrangerer Ytre Søre Symjeklubb stemne i badebassenget ved Ulstein Arena. Lene Trude Solheim i YSS opplyser at i utgangspunktet er stemnet for gutar og jenter i alderen 8-14 år frå klubbane i Ulstein, Hareid og Herøy, men at det kan bli snakk om å opne opp for andre klubbar også.

- I fjor var det første gong vi arrangerte symjestemne under Smak av Ulstein, og tilbakemeldingane var gode. Deltakarane likte seg godt. Vi reknar med at det i alle fall vil bli ein stad mellom 25-30 deltakarar, fortel Solheim.

Klivring og jolleregatta

I tillegg til desse store samlingane vil det også vere open klivrehall laurdagen under Smak av Ulstein, og det blir to dagars regatta for barn/ungdom og lokale kjendisar på Lyngnesvika/Ulsteinfjorden og Indre hamn. Så det vil bli mange som kan vere fysisk aktive under årets utgåve av Smak av Ulstein.