Møt Herr Klukk, den fotballspelande kalkunen frå Sundgot

Herr Klukk, den fotballspelande kalkunen

Kultur

- Når han ikkje tek seg av dei fire damene sine, koplar Herr Klukk gjerne av med litt fotball, fortel matmor Lynne Gjerde på Sundgot.

Om Hødd skulle vere på jakt etter ein ny midtstoppar kan kanskje Herr Klukk vere aktuell. Skulle han syne seg å ikkje halde mål, vel, noko må ein jo servere på nyttårsaftan. Men det spørs om talentspeidarane uansett må raske litt på.

- Kan hende vi tek kontakt med Ole Gunnar Solskjær, for Herr Klukk har i alle fall draktfargen til Man. U, seier Lynne, og syner til det knallraude hals- og hovudpartiet til kalkunen frå Sundgot.