Vil verte endå meir synleg

Kunstlaget inviterer på kino

Måndag inviterer Ulstein Kunstlag medlemmene sine med på kino for å sjå filmen «Van Gogh - At Eternity's Gate».  Foto: Filmweb

Kultur

Kommande måndag, 6. mai, inviterer Ulstein kunstlag medlemmene sine, gamle som nye, til å sjå filmen «Van Gogh - At Eternity's Gate» på Sjøborg kino.

- Gjennom kunstlaget kan medlemmene få kjøpt rabatterte billettar, seier leiaren i Ulstein kunstlag, Monica Vermeer. Ho opplyser at dei kan finne meir informasjon om dette på Usltein kunstlag sine nettsider og Facebook-sider.

Målet er å gjere kunstlaget endå meir synleg, både gjennom tiltak av denne typen og via dei nye utstillingslokala dei no har fått seg på Amfi-senteret.

Filmen «Van Gogh - At Eternity's Gate» tek for seg den kjende malaren si mest produktive periode då han heldt til i områda rundt Arles i Frankrike.

Det er den kjende skodespelaren Willem Dafoe som splar Vincent van Gogh, ei rolle han har blitt Oscar-nominert for. I følgje omtalen har regissør Julian Schnabel, som sjølv er ein etablert kunstnar, skapt ein film som er prega av nerven som karakteriserer van Gogh sine maleri.