Desse er vidare til den nasjonale UKM-festivalen

Det interkommunale bandet Ufokusert, med Emma Sævik, Henrik Stave, Ludvik Brune Leikanger, Marius Osborg og Svenning Veiseth framførte to av sine eigne melodiar under UKM i Hareid og Ulstein. Dei er no klare for den nasjonale festivalen i Stjørdal.  Foto: Karrar al-Assawi

Kultur

I helga var ei rekkje lokale ungdomar med under fylkesfestivalen i UKM, som vart arrangert i Kristiansund. Onsdag er det klart at eit sceneinnslag, samt ei som var med som arrangør, får høve til å delta under den nasjonale UKM-festivalen, som blir arrangert i Steinkjer.

Bandet Ufokusert er eitt av sceneinnslaga frå Møre og Romsdal som har fått plass under den nasjonale UKM-festivalen.


Kreditering: Fylkesmønstringen i Møre og Romsdal 2019. UKM Media

 

Ufokusert (Indiepop/Band) frå Hareid
Emma Sævik – 18 år (Vokal), Henrik Stave – 18 år (Gitar), Ludvik Brune Leikanger – 18 år (Bass), Marius Osborg – 18 år (Trommer), Svenning Veiseth – 18 år (Piano, Synth)
Titler: Special

I tillegg til Ufokusert får også Mona Våge frå Ulstein kommune tilbod om å delta på den nasjonale UKM-festivalen. Ho er ein del av media-gruppa og har hatt roller som journalist, fotograf, videoreporter og fleirkameraproduksjon.

Sjå heile lista over deltakarar frå Møre og Romsdal