Månadens vinnar i Fotodilla Fotoklubb:

Drope på ei fuglefjør

Dette bildet av ein drope på ei fjør blei tatt av Fotodilla-medlem Rune Brandal. Han vann månadens bilde for dette bidraget.  Foto: Rune Brandal.

Kultur

Under medlemsmøtet til Fotodilla Fotoklubb 25. april blei Rune Brandal kåra til månadens vinnar. Han tok det flotte makrobildet av ein vassdrope på ei fuglefjør.

Fotodilla arrangerer månadlege kåringar av bilde tekne av medlemmane sine. I mars månad var det Arild Lillebø som gjekk av med sigeren, med eit bilde av ørn tatt ved Runde.