Stiller ut keramikk og tekstil

Finn inspirasjon i gleda ved å skape

Brukskunst: Bjarne Nielsen og Kari Selnes arbeider i keramikk og tekstil. 

Kultur

Torsdag 6. juni opnar Ulstein kunstlag ei utstilling med dei to kunstnarane Kari Selnes og Bjarne Nielsen som arbeider i tekstil og keramikk. Kari Selnes og Bjarne Nielsen driv Tornes Keramikk- og Tekstilverksted på Tingvoll.

Kari Selnes er opprinneleg frå Trondheim og har arbeidd som kunsthandverkar sidan 1981, går det fram av ei pressemelding frå Ulstein kunstlag. Her får vi vite at Selnes i hovudsak arbeider med tekstiltrykk der ho nyttar teknikkar som silketrykk, blokktrykk og innfarging. På utstillinga i Ulteinvik stiller ho ut sjal og interiørartiklar i tekstil og sjal.

Bjarne Nielsen har arbeidd som keramikar sidan 1974. Han kjem frå Danmark og har opp gjennom åra hatt ein mangfaldig produksjon av keramikk. I følgje pressemeldinga er dei fleste av arbeida dreia på dreieskive. Han har spesialisert seg på glasurar og overflateuttrykk og dei siste åra har han konsentrert seg om krystallglasurar.

Frå botnen

– Alle produkta lagar dei frå botnen av på verkstadane – frå leireklump og stoffrull til ferdig produkt. Dei finn mykje inspirasjon i sjølve arbeidsprosessen – gleda over å utforme og skape vakre ting. Dei blir også inspirert av å bo midt i det flotte Romsdalslandskapet og alt som lever og veks der, fortel kunstlaget.

Ulstein Kunstlag fortel at dei ønskjer å legge tilrette for ei god kunstoppleving for alle som er innom lokala i 2. etasje på Amfi. Utstillinga er gratis og det vert som vanleg høvet til å kjøpe kunsten som er utstilt.

Dei som kjem på opninga får også høyre Marte Sandvik Skeide. Ho skal framføre eigenkomponerte songar.