Foreininga er frå 1853

Fredag 31. mai hadde vi på trykk eit foto av Ulstein kvinneforeing i spalta «Gårsdagen». Fotoet har ført til mykje respons.

Ikkje dei første: Dette fotoet av Ulstein kvinneforeining er truleg frå ca. 1925. Men foreininga vart stifta i 1853, så det hadde gått fleire generasjonar kvinner i foreininga før dei vi ser på dette bildet. Vi startar i 1. rekke frå v.: Oluffa Knutsd. Ulstein, gift Indreflø (1861-1958), Anna Andreasd. Saunes, gift Ulsteinvik (1867-1945), Lisa Berntsd. Vik, gift Saunes (1856-1941), Petra Pedersd. Myklebust, gift Bøe (1855-1935), Anna K. «Karina» Karlsd. Myrene, gift Saunes (1845-1937), Pauline Paulsd. Ulstein (1849-1933), gift Ulsteinvik (Bakke), Karoline Ellingsd. Dimmen (1863-1934), gift Vik, Oluffa Olsd. Torset (1863-1927), gift Saunes. 2. rekke frå v.: Rasmine «Mina» Pedersd. Myklebust (1889-1973), gift Saunes, Ragna Rasmusd. Hovden (1883-1956), gift Sæter, Berte Gerhardsd. Sundgot (1891-1971), gift Gift Saunes, Henriette Hansen (1864-1938), gift Ringstad, Johanne Olsd. Listou (1865 – 1948), gift Ringstad, Anne «Anna» Toresd. Beito (1876-1960), gift Bjørndal, Borghild Hoem, truleg gift med presten John Hoem som var i Ulstein 1916-1926, Ingeborg Henriksd. Støylane (1861-1941), gift Molvær, Josefine Pedersd. Myklebust (1881-1960), gift Hareide, Hanna A. Eilertsd. Notøy (1892 –), gift Flø, Anna Pauline Rasmusd. Kongsvold (1917 -). 3. rekke frå v.: Betty Olsd. Hofseth (1878-1965), gift Osnes, Johanne «Jonna» Nilsd. Eggesbø (1892-), gift Vik, Leonora (Nora) Severinsd. Eiksund (1900-1991) gift Løset, Gabriella «Ella» Pedersd. Myklebust (1892-1963), gift Breivik, Hanna Johannesd. Brandal (1863-1946), gift Vik, Olava Knutsen Rotevatn (1865 -), gift Ulsteinvik, Birgitte Ellingsd. Dimmen (1872-1955), gift Alme, Inga Larsd. Saunes (1874-1935), gift Osnes, Nikolina «Lina» Rasmusd. Hovden (1883-1966), gift Bakke, Marta Olsd. Myklebust (1879-), gift Hovden, Marta Olsd. Ulsteinvik (1901 -), gift Hansen. Stor takk til Bodil Saunes, som saman med Åshild Sivertsen og Herleiv Saunes har hjelpt oss med namn og fødselsdatoar. Fotoet har også stått på trykk i Einar Grimstad si bok «Ulsteinvik i bilde 1925-1950»  Foto: Privat ukjent

Kultur

I rekke nummer tre frå venstre spurde vi om nokon hadde fleire opplysningar om Nora Løset (kvinne nummer tre i denne rekka), og reaksjonane let ikkje vente på seg. Fleire har ringt inn og fortalt at det fulle namnet hennar var Leonora Agnete Pauline Severinsdotter (1900-1991), og at jentenamnet hennar var Eiksund. Ho var gift med Karsten Salomon Løset.