Offisiell opning av kunstutstilling på Amfi-senteret torsdag:

– Vil skape unike uttrykk

Dei to kunsthandverkarane Kari Selnes og Bjarne Nielsen driv keramikk- og tekstilverkstad heime på Tornes i Romsdal – og stiller no ut sine flotte og heilt spesielle kunstverk på Amfi-senteret i Ulsteinvik i nokre veker framover.

Opna utstilling: Kunsthandverkarane Kari Selnes og Bjarne Nielsen opna utstilling i 2. etasjen på Amfi-senteret i Ulsteinvik torsdag kveld. Utstillinga vil vere der fram til 22. juni, og ein kan sjå på Ulstein Kunstlag si Facebook-side for å finne ut kva for dagar den er open. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Kultur

Torsdag kveld opna utstillinga med dei to kunstnarane Kari Selnes og Bjarne Nielsen som arbeider i tekstil og keramikk, på Amfi-senteret i Ulsteinvik.