Opna kunstutstilling:

– Inspirert av naturen

Naturen vart igjen ei viktig inspirasjonskjelde for elevane, så utstillinga har mange blomster, dyr og insekt

Kultur

Dette skuleåret har Hareid musikk- og kulturskule hatt 42 elevar i visuell kunst. Borna er i alderen sju til femten år, og Kristine Hareide har vore lærar det siste halvåret. Elevane har kunstundervisning éin time i veka.