Smak av Ulstein

Elvis is back

Han heiter Kjell Henning Bjørnestad, er fødd i Farsund i 1968 og er den einaste fulltids profesjonelle Elvis Presley-imitatoren i Skandinavia.

Kjell Elvis: Han heiter eigentleg Kjell Henning, men i Festivalteltet fredag 14. juni møter du han som Kjell Elvis, Skandinavias einaste profesjonelle Elvis Presley-imitator. 

Kultur

Fredag 14. juni står han på scena i festivalteltet under «Smak av Ulstein». Seinast i fjor samla han fullt hus på ei Elvis-messe i Hareid kyrkje etter først å ha framført Elvis-songar (og -imitasjonar) i Vinterhagen på Hareid sjukeheim.

For å bli så lik Elvis som muleg la han i veg med fleire plastiske operasjonar frå han var nokre og tjue år, noko mora hans likte dårleg. Det begynte med at han farga håret svart og begynte å kle seg som Elvis.

- Han burde ha sminka seg i staden, meinte mora ifølgje eit oppslag i bladet Hjemmet.

Men Kjell Elvis var uråd å overtale. Har han bestemt seg for noko, skifter han ikkje meining, kan mora fortelje.

Imponerande merittliste

Fødd i 1968 har han med andre ord passert 50-årsleitet - og har opp gjennom åra skaffa seg ei imponerande merittliste. Blant anna er han kåra til Nordens og Europas beste Elvis-imitator - og han har ein høgthengande 3.-plass frå Elvis-imitator-VM i 2007.

Han sette også verdsrekord i å synge Elvis-hits non-stop då han i 2003 song non-stop i 26 timar, fire minutt og 40 sekund.

For to år sidan gav Genesis Forlag ut ein autorisert biografi, ”Ensom som Elvis”, ført i pennen av Bjørn Jarle Sørheim-Queseth.

Ankerfeste i gospel

Som mannen han går i fotspora til - Elvis Presley - har Kjell Elvis eit personleg ankerfeste i gospelmusikk og salmar. Elvis Presley sneik seg tidleg inn i «svarte kyrkjer» for å høyre gospelmusikken der, og det var musikkformer han heldt seg nær heile livet. Han var også engasjert i «Civil Rights Movement».

Kjell Elvis tok for alvor opp denne sida av Presley etter ein økonomisk baksmell for vel ti år sidan. På ei tid då mangt syntest dystert tok han for alvor til med å lese i Bibelen - og tok inn i repertoaret fleire av Elvis sine kjende gospelsongar - som «You gave me a mountain» og «American Trilogy».

Kjell Elvis har ei svært djup basstemme - og nyttar denne både i gospelsongane og dei andre kjende rock and roll-numra.

I dag er han busett i Lyngdal.

Nygift er han også. I fjor gifta han seg med iranske Daydokht Ghavidel i den georgiske hovudstaden Tbilisi.

I tillegg til showet på kveldstid gir Kjell Elvis ein minikonsert i lag med Ulstein Seniordans før på dag, i regi av «Den kulturelle spaserstokken».