Smak av mannskor i Ulstein kyrkje:

Kraftfull mannskorsong

Det har blitt tradisjon at ein byggjer ein vegg av mannskor under Smak av Ulstein. Denne gongen med kortreist hjelp frå Dalsfjorden mannskor.

Smak av mannskor: Saman skapte Ulstein mannskor, Herøy mannskor og Dalsfjorden mannskor ein vegg av mannskor i Ulstein kyrkje under opningsdagen av årets Smak av Ulstein. Her under leiing av Magne Drabløs.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Kultur

Det var også gjestane frå Dalsfjorden i Volda som fekk opne konserten i Ulstein kyrkje onsdag kveld. Dirigent Magne Drabløs leia koret sitt gjennom fire nummer, før dei friskt avslutta si avdeling med «Ride the Chariot», før Robert Skeide fekk ta over taumane saman med Ulstein mannskor og Herøy mannskor.